Vårsesongen byrjar å ta form!
I Odda Unge Venstre har dei kjipe vintermånadane blitt produktivt utnytta. Liberale sjeler i Odda og omegn går ei spanande vår i møte!

Åttande mars er det den internasjonale kvinnedagen, og i den anledning arrangerer vi ein temakveld med tittel: Likestilling – likskap eller likeverd? Her skal ulike innleiarar snakke om tema knytta til feminisme, dagens likestillingspolitikk og kva likestilling eigentleg bør handle om. Det vil bli kritisk og konstruktiv samtale, og vi håpar at mange vil komme.
Link til event med detaljar på facebook: https://www.facebook.com/events/357910897573284/
Vi kviler ikkje på laubæra, og er heller ikkje redde for å ta tak i kontroversielle emne. I april kjem nemleg Erlend Horn og skal snakke om rusomsorg og ruspolitikk. Han sit i bystyret i Bergen, og arbeidar i komite for Helse- og Sosial. Vi håpar også å få besøk av ein representant frå rusomsorgen i Odda – som har gjort store og imponerande framsteg med dei tunge rusmisbrukarane i byen. Målet med denne temakvelden er få i gong ein samtale, både om kva faktiske utfordringar regionen og landet står framføre, og om kva politikk som trengs for å få gode resultat. Kanskje blir det også ein ideologisk debatt? Det som er sikkert er at kvelden 12. april vil bli spanande, interessant og lærerik.
I mai skjer det også spanande saker. Dato er endå ikkje satt, men vi håper å få besøk av Randi Bårtvedt, direktør ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Ho skal snakke om UNESCO, byplanlegging, historie – med andre ord, masse spanande. Vi gler oss til å høyre på, og til å auke kunnskapen vår om desse aktuelle temaene.
Stay tuned for fleire detaljar! Kanskje kjem det også fleire arrangement.
Kanskje har du sjølv lyst til å vere innleiar på eitt av våre møter? Eller kanskje lurer du på noko anna? Ta kontakt då vel! Vi kan nåast på e-postadressa uv.odda@gmail.com, eller du kan skrive til oss på facebook.
Link til gruppa vår: https://www.facebook.com/groups/216022991760494/.
Vi håpar at mange har lyst til å komme denne våren.
Med liberal helsing frå
Maren Børslien
Nestleiar, Odda Unge Venstre
